Hvem er vi?

Det er ikkje meir enn 15 år sidan vi, Gerd Helga og Lidvar Nygjerde, etablerte Kunnskapsreise. Men vårt reiseliv tok til med for meir 30 år sidan. Som tilsett på Høgtun, no Nordvestlandet Folkehøgskole, var Lidvar med og arrangerte mange kortkursturar både til inn- og utland.  

Namnet Kunnskapsreise skal fortelje kva profil reisene våre skal ha, – turane skal vere tematurar med innslag av god undervisning, slik som kortkursturane var.  

Når reisemål skal veljast, er det difor viktig å velje stader som har noko å fortelje. Undervisningsmetodikken er som i folkehøgskolen, det levande ordet.  

Reiseleiaren er kjend for si store forteljarglede. Kunnskapen skal vere tverrfagleg. Her vert det trekt linjer gjennom historie, litteratur, religion og filosofi. 

 

På turane vil reiseleiarane alltid vere ein del av gruppa. Alltid tilgjengeleg, og vi er alltid to. Dette for at gjestene våre skal kjenne seg trygge. Våre turar er kjent for stor trivsel og reiseglede. Vi arbeider aktivt for å skape den gode tonen og den lette stemninga. Latteren og smilet må sitje laust.  

Vi skal heller ikkje gløyme fellesskapsopplevingane. Det gjer noko med oss når vi ilag får oppleve kor stille det vert når Peer Gynt møter Solveig ved Gålåvatnet, eller når vi sit i lag i audiens hos Paven eller får gåsehud når vi høyrer Slavekoret i Opera de Verona.  

Dette merkar vi best når vi seinare møter våre reisevener: Hugsar du det? Hugsar du ? 

Apropos: Vi jaktar dei gode opplevingane medan vi kan. 

  

Kunnskapsreise er ikkje medlem i Reisegarantifondet, men samarbeider med selskap som er det: Plussreiser AS, The Vibe og Tornes Turbusser AS 

Har de reiseønskje? Ta gjerne kontakt.  

De er hjerteleg velkomne til å slå lag. 

Med venleg helsing 

Gerd Helga og Lidvar Nygjerde 

 

Gerd Helga: Spesialpedag/logoped. Har arbeidd i skole og sjukehus. 

Lidvar: Lektor med hovudfag i litteratur. Har skrive avhandling om Peer Gynt med hovudvekt på femte akt. Har undervist i historie, litteratur, religion og filosofi. 

Denne nettsiden bruker cookies. Ved å fortsette å bruke denne siden godtar du vår bruk av cookies.